FødselFødselshistorierFikk rier i uke 20 - fødte en uke på overtid

Fikk rier i uke 20 – fødte en uke på overtid

Etter premature rier i et halvt svangerskap, gikk fødselen til Sara fort og greit. Vilde er stolt storesøster. Begge foto: privat
Av Babyverden 1485 Sist oppdatert 24.09.12

Allerede halvveis i svangerskapet startet riene, og hun måtte være forberedt på å føde prematurt. Men vesle Sara hadde ingen planer om å komme til verden for tidlig.

Glede og hyppige kynnere
Julafta 2011 tok eg testen, den var positiv! Vi skulle få bli foreldre til nr 2! Sjølv om det var tidlig i svangerskapet blei det ein fantastisk julegave å gi familien denne dagen.

Då eg kom til veke 20 i svangerskapet begynte kynnerne. Dette var eg vandt med frå forige svangerskap, men de skulle vise seg å bli meir plagsame denne gangen. De kom svært hyppig, og blei enda verre når eg var fysisk aktiv. Og sidan det for meg var ein umuligheit å ikkje vere i aktivitet, så trossa eg kynnerane og blei fort vandt med at dei var der og slik var det bare.

Les også: Hva er kynnere?

Historikk
I mitt forrige svangerskap starta fødselen i veke 28 med det dei trudde var for tidlig vannavgang. Eg blei sendt til Stord for sjekk, og det eg trudde var kynnere blei målt til rier. Då dei oppdaga moden livmorhals i tillegg bar det rett til Haukeland, og vi fekk beskjed om å forberede oss på fødsel dersom dei ikkje klarte å stoppe riene. Men etter å ha fått Brickanyl (astma medisin), dabba riene av. Vi blei sendt heim igjen med beskjed om at det var fare for prematur fødsel, og eg måtte holde meg i ro og ha lav terskel for å ringe. Dette skulle bli tre lange månader, for godjenta kom først 7 dagar etter termindato!

Sara i mamma Kristines mage.

På grunnlag av denne historikken ville jordmor få undersøkt kynnerane eg gjekk med denne gongen og, ettersom beskrivelsen av dei minna om rier. Eg blei då sendt til sjukehuset der dei meinte eg hadde premature rier og satte meg igjen på brickanyl. Dei ville då teste meg for eit stoff kalla GBS (Gruppe B streptokokker). Det hørtes kjendt ut, og eg leita fram mine gamle svangerskapspapirer. Joda, der fann eg eit brev frå Haukeland, der det stod at GBS blei påvist hos meg i forige svangerskap og at legane burde vurdere å gje meg intrevenøst antibiotika under fødsel. Eg fann fort ut av at GBS var eit stoff som produseres naturlig i svært mange sin naturlige bakterieflora, men for nokon kunne det vere uheldig i forbindelse med graviditet. Symptomer på dette er; for tidlig vannavgang, premature rier og infeksjon hos barnet etter fødsel. Det stemte jo heilt, også ettersom at første jenta vår hadde akutt infeksjon etter fødselen, utan at dei kunne fortelje noko om årsaken til dette. Vi måtte bare vere glad for at ho hadde blitt frisk igjen etter ei veke med behandling og observasjon. Noko vi så klart var!

Les også om Emma som ble alvorlig syk av GBS-infeksjon

Tett oppfølging frå sjukehuset
Då eg igjen skulle på kontroll ved sjukehuset gav eg legen dette brevet frå Haukeland og dei beklaga at ikkje dette hadde blitt fanga opp tidligare og skylda på kommunikasjonssvikt. Sjølv om ein aldri kan bli kvitt GBS, ville legen likevel gje meg penicillin for å sjå om dette kunne hjelpe på å dempe riene. I 4 dagar var eg så og sei utan rier! Men så kom den 5 dagen, på an igjen…

På kontroll i veke 32 hadde livmorhalsen min korta seg ned til 2 cm og det var blitt 1 cm opning. Det var ikkje mykje anna å gjere med det enn å vere forberedt på ein prematur fødsel. Igjen skulle eg ha dette i tankane for kvar ri som kom. På neste kontroll i veke 34 var legen fornøyd med at eg hadde komme meg så langt i svangerskapet, og at det no ikkje var noko meir å gjere enn å vente på fødsel. Eg hadde friskt i minne den tida eg venta på fødsel sist svangerskap, så eg prøvde så godt eg kunne å innstille meg på å gå mange veker til.

Les om prematur fødsel

Ventetida
Då var det bare å prøve å leve som normalt, sjølv om eg var blitt sjukemeldt frå jobben og syns dagane gjekk fryktelig seint. Eg var vane med å ha mange ballar i lufta i løpet av ein dag, og no stilna plutselig alt rundt meg. Det var heldigvis blitt sommarferie for mange, så det var folk å treffe på dagtid og då mannen min tok ferie fekk vi reist på nokre små ferieturar. Fireårs dagen til jenta vår blei feira og vi begynte å forberede heimen til ny baby. På tross av riene, ei kjekk tid.


Eg hadde ordinære jordmortimar å sjå fram til, og i veke 37 hadde eg 1 cm livmorhals og 2 cm opning. Riene eg hadde virka, men eg var ikkje aktivt i fødsel. Men no var det så nære termin at eg var reelt innstilt på at babyen skulle komme når som helst! Slimproppen gjekk dagen etter termindato (3. september), riene var regelmessige og vi var klare for fødsel. Men eg ville vente til riene blei enda litt sterkare, slik at eg kunne sei at dei hadde auka på.


Men dei auka aldri på. Eg gjekk å la meg som eg pleide å gjere når eg blei usikker, og sovna frå heile greiene. Slik skulle eg ha det kvar kveld fram til fødselen. 4 dagar etter termindato hadde eg avflata livmorhals og 2 cm opning. Det var like surrealistisk å vakne opp til ein ny dag utan at eg har ein nyfødt baby i armane! Men dette med fødsel er jo livets store mysterie, som eg trur berre Gud veit noko sikkert om!


Les også: Hva påvirker riene?


Ta vare på tida og kvarandre!
Tida går så fort, og sjølv om ventetida kan vere utrulig kjedelig er det berre ein sjølv som velgjer kva ein vil nytte dagane og tankane til. Vi prøvde å kose oss kvar dag og vente med glede på det vesle mirakelet som snart skulle komme! Tida ”her og no” er så verdifull, det er viktig å ta vare på den og på kvarandre!


Overtidskontroll!
På grunn av at eg var såpass moden, fekk eg ein tidlig overtidskontroll på sjukehuset 7 dagar etter termindato. Eg var lei og tok sorgene på forskudd . Eg forberedte meg på å bli sendt heim igjen. Forhåpningane blei ikkje betre då vi kom til sjukehuset og overhøyrte to sjukepleiarar som snakka om at det var svært travelt på grunn av mange nyfødte på avdelinga. Først skulle eg ta ein sparketest. Her blei riene synlige på papiret, og sjukepleiaren smile fint å sa "Sjå her ja, det var ei god ri, kjente du den?" "Haha, eg trur du er morsom!" Svarte eg. Slike rier hadde eg jo hatt så lenge, og eg ville kalle det for ei svak ri i forhold til det eg hadde på kveldane.


Eg blei så sjekka av ein lege som konkluderte med at vesle Sara kom nok i løpet av dagen. Eg forklarte at eg ikkje kunne skilje riene denne dagen, frå dei andre dagane. Han sa då til mannen min at han skulle ta meg med på ein trimtur, så skulle vi komme tilbake etter et par timar. Eg frykta at dette bare ville slite meg ut og ikkje føre til fødsel, men optimismen blomstra hos mannen min, så han gjorde som han fekk beskjed om!


Endelig kom vesle Sara!
Då vi kom tilbake for ny sjekk var det blitt 4 cm opning, og eg blei heldigvis lagt inn. Då turte eg så vidt begynne å håpe på å få sjå gullet mitt denne dagen! Men det skulle bli 5 cm før eg kjente at riene blei sterkare enn eg hadde kjent dei før. Då fekk eg intrevenøst antibiotika for å hindre overføring av GBS, og jordmora tok så vatnet mitt. Fødselen var unnagjort på 1 ½ time og endelig fekk eg nydelige Sara på brystet mitt!


Så skulle de premature riene lønne seg på et vis til slutt. Eg var blitt ein meister på å puste meg gjennom riene, og følte at eg slapp unna halve fødselen ettersom eg knapt kunne kjenne forskjell før det var blitt 5 cm. Og det beste av alt; ikkje ein bitter tanke om svangerskapet etter at Sara kom til verden. Er bare takknemlig for at eg gjekk ut tida, når eg ser kor våken og sterk Sara er. Og ikkje minst at ho klarte å leite seg fram til puppen og begynte å drikke like etter å ha blitt født. Ho var klar for verden! No koser vi oss med vesle jenta vår, mamma, pappa og ei kjempestolt storesøster som er fylt med kjærlighet og omsorg for vetlesøstera si.


Les flere fødselshistorier


Les alt om fødselen


Se filmer om fødsel


Følg babyens utvikling: Last ned Babyverdens app her
Hva synes du om artikkelen? 
Forrige artikkel
Neste artikkel

Nyeste artikler: